Mållaust liv har òg ei meining

Kalenderbilder_2017_0010

Ill.: Tuva Sverdrup-Thygeson

Lenge har menneska teke gratistenestene frå naturen som sjølvsagde. Vi har ignorert artane der dei puslar i det stille med å reinse vatn, regulere temperaturen og pollinere avlingane våre. Med å gje oss mat og medisinar, fiber og energi. Men i dag står vår art bak ein så gjennomgripande påverknad at vi risikerer å velte sjølve grunnlaget for alt dette – det finurlege samspelet mellom eit mylder av artar. Read More